Sunnmøre Kulturnæringshage er partner i eit EU finansiert Erasmus+ prosjekt der Høgskulen i Volda er prosjektleiar. Prosjektet startar i Volda i november og saman med fleire universitet i Europa skal høgskulen i Volda auke den teoretiske og praktiske kompetansen innan entreprenørskap for studentar i høgare utdanning. Målsettinga med prosjektet er at kunnskapen og metodikken som blir utvikla skal nyttast av høgare utdanningsinstitusjonar i heile Europa.